For macOS · Kjem snart til Windows Kopier.
Kopier.
Rediger.
Lim inn.
Blokk er ei lita kladdeblokk for utklippstavla. Trykk ⌃⌥V, rediger det du nett kopierte, og trykk ⌘↵ for å lime det rett inn der du var.
Krev macOS 14 Sonoma eller nyare.
blokk substantiv samanhefta ark som lett kan rivast av eitt og eitt Nynorskordboka
Bruksområde
Laga for det AI-en ikkje veit.
Når du jobbar med ein AI, får du ofte kode og kommandoar som nesten er rette. AI-en veit ikkje kva prosjektet ditt heiter, kva region du køyrer i eller kva versjon som skal ut, så han set inn plasshaldarar. Blokk finn dei og lèt deg fylle inn dei rette verdiane før du køyrer kommandoen.
Frå AI-en
1gcloud run deploy <SERVICE_NAME> \
2 --project <PROJECT_ID> \
3 --region <REGION> \
4 --image <IMAGE>
I Blokk, før du limer inn
1gcloud run deploy blokk-api \
2 --project domi-prod \
3 --region europe-north1 \
4 --image IMAGE
Shell ⇥ 3 / 4
Lim inn ⌘↵
⇥ neste felt · ⇧⇥ førre · ⌘↵ lim inn i terminalen
Loggar du skal dele
Rydd bort støy, og la Blokk skjule tokens før loggen hamnar i ei sak eller ei melding.
Spørjingar og konfig
Juster tabellnamn, datoar og miljøvariablar i SQL, YAML eller JSON som ein AI skreiv for deg.
Svar du skal sende
Rett namn, tone og detaljar i eit utkast før det går ut på e-post eller Slack.
Det du gjorde førre veke
Kommandoen du retta sist ligg i historikken, med eit namn du kan søkje etter.
Tre tastetrykk, så er det gjort.
- 01Kopier⌘CKopier tekst frå kvar som helst. Eit svar frå ein AI, ein logg, ein kommando.
- 02Rediger⌃⌥VBlokk opnar seg med teksten klar, med rett språk og fargekoding.
- 03Lim inn⌘↵Blokk lukkar seg og limer inn i appen du kom frå.
Liten, men gjennomtenkt.
Språk Blokk kjenner att
- C
- C#
- C++
- CSS
- Diff
- Dockerfile
- Go
- HTML
- Java
- JavaScript
- JSON
- Kotlin
- Lua
- Markdown
- PowerShell
- Python
- Ruby
- Rust
- Shell
- SQL
- Swift
- TOML
- TypeScript
- XML
- YAML
Det du kopierer, blir verande på maskina di.
- Ingen data forlèt datamaskina di.
- Hemmelegheiter blir krypterte med ein nøkkel som Touch ID vernar.
- Namn i historikken blir laga av Apple Intelligence på maskina.
- Nettsida tel besøk utan informasjonskapslar. Éin informasjonskapsel hugsar språket du vel.
Blokk kjem til Windows.
Same appen, bygd for Windows 11. Legg att e-postadressa di, så seier vi frå når han er klar.
Éin e-post når Windows-versjonen kjem. Ingen nyheitsbrev, og du kan melde deg av når som helst.